Erling Folkvord

Ta opp kampen mot den nye minstepensjonsfella!

Min appell på Rødts torgmøte om pensjon på Egertorget laurdag 23. mai.

Eg skal seie lite om korfor Rødt meiner vi ikkje skal godta den nye minstepensjonsfella som Stortinget vedtok 15. mai. Rødt vil heller forsvare den solidariske folketrygda.

Både den folketrygda Norge har hatt i 42 år, og tjenestepensjonane for offentleg tilsette har fleire manglar. Minstepensjonen ER alt for låg. Den urettferdige behandlinga av innvandrarar er eit anna eksempel.

Det ER urimeleg at ein innvandrar som har jobba både 20 og 30 år i Norge, skal få lågare pensjon enn den like gamle norskfødte arbeidskameraten, berre fordi innvandraren hadde ein del av det yrkesaktive livet sitt i heimlandet, før ho eller han kom til Norge.

Det ER også urimeleg at deltidsarbeidarar med mindre enn 40 prosents stilling, i dag er fråtatt retten til tenestepensjon.

Men bortsett frå desse alvorlege manglane, har vi både ei folketrygd og ein statleg og kommunal tenestepensjon som er solidarisk. Dette er heilt ulikt dei kommersielle, private pensjonsordningane du kan kjøpe hos Vital eller Storebrand. Folketrygda er slik innretta at skilnaden på lågtløne og høgtlønte blir litt mindre når du blir pensjonist. Folketrygda reduserer også skilnaden mellom dei som har arbeidd full tid heile livet og dei som har hatt lange periodar med ulønna omsorgsarbeid , deltid eller arbeidsledighet.

Derfor er den 42 år gamle folketrygda verdt å forsvare.

Men 15. mai 2009 vedtok Stortinget å fjerne solidaritetsprinsippet frå folketrygdlova. Stortinget vedtok samtidig ei ny minstepensjonsfelle. Og dette er det dessverre tverrpolitisk enighet om i dagens Storting.

Stortinget er på kollisjonskurs med fagrørsla og gjorde dette vedtaket samtidig som LO-kongressen sa eit rungande NEI til den planlagte undergravinga av uførepensjonen. Den saka skal Stortinget behandle etter valet.

15. mai 2009 vil bli ståande som ein svart dag i norsk velferds- og trygdehistorie.

Heretter skal alderspensjonen din graderast etter kor mange kroner du har betalt inn i trygdeavgift og kor mange år du har vori i arbeid. Storebrands og Vitals kommersielle forsikringsprinsipp skal erstatte det hevdvunne solidaritetsprinsippet i folketrygda. Dette skal slå ut for fullt for alle dei som i dag er under 45 år. Ingen merkar det i dag. Dei vil få merke det når dei når pensjonsalder. Viss stortingsvedtaket ikkje blir omgjort, skal dei møte alderdomen utan ei solidarisk folketrygd.

Regjeringa seglar under falskt flagg når dei marknadsfører dette grunnleggjande bruddet med tidlegare norsk trygdepolitikk.

Eg skal berre nemne eit par eksempel som gjeld mange:

For eit år sia var ein stolt statsminister Stoltenberg i TV-ruta og sa at heretter skal alle som vil det, kunne gå av med tidlegpensjon frå 62 år. Regjeringa åpna ikkje for minste tvil:

«Slitne arbeidstakere skal kunne gå av ved 62 år uten å tape», var garantien, ordrett sitert.

«Slitne arbeidstakere skal kunne gå av ved 62 år uten å tape».

Dette skulle bli ein rett for alle, ikkje berre dei som tidlegare hadde avtalefesta pensjon i tariffavtalen. På TV lova Stoltenberg ei stor forbetring for mange.

Men Stoltenberg ba Stortinget vedta noko heilt anna. Det som no blir kalla ”tidlegpensjon” frå du er 62 år, skal etter siste stortingsvedtaket berre vere for dei som har hatt ei gjennomsnittsinntekt som tilsvarar 338 000 i dagens kroneverdi. Om du er heldig og arbeider i ei bedrift med AFP-ordning, er inntektskravet omtrent 250 000 kroner. Har du hatt lågare årsinntekt enn det, så får du ikkje rett til å gå av når du er 62, same kor utsliten du er. Dette gjeld meir enn ein tredjedel av medlemmane i Fagforbundet, det største forbundet i LO. Dei fleste er kvinner.

Stortingsvedtaka frå 15. mai 2009 er eit opplegg for livsvarig økonomisk straff for dei som har lagt igjen helsa si på jobben. Og straffa er ekstra hard for dei som har hatt lågast løn.

Men det er ikkje nok med dette. Regjering og Storting har laga ei ny minstepensjonsfelle, ein ny mekanisme som skal stenge stadig fleire lågtlønte ute frå retten til tidlegpensjon.

Inntektskravet for å få rett til gå av når du er 62, skal heretter auke automatisk kvar gong minstepensjonen aukar! Denne nye automatikken blir innført samtidig med at minstepensjonen får det nye namnet garantipensjon.

Dette nye trikset som Stortinget vedtok 15. mai, betyr at kvar einaste heving av garantipensjonen skal utestenge nye titusenar av lågtlønna og utslitte slik at dei ikkje får gå av med garantipensjon når dei er 62.

Denne nye minstepensjonsfella er kanskje det råaste uttrykket for den nye trygdepolitikken som det dessverre er enighet om i Stortinget – frå SV til FrP.

Rødt vil inn på Stortinget for å forsvare solidaritetsprinsippa i folketrygda. Rødt vil slåss for å forsvare retten til uførepensjon, slik LO-kongressen vedtok.

Og vi vil slåss for å omgjere Stortingets usosiale trygdevedtak frå 15. mai 2009.

Lagt ut 20:46, 25. May 2009 og kategorisert under appell, faglig, pensjon.

Legg igjen kommentar

Vil ikke bli publisert.

XHTML: Du kan bruke følgende elementer: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>