Erling Folkvord

Ein fånyttes kamp?

Helse Sør-Øst vil leggje ned Aker sjukehus for å finansiere nye Ahus.

Aker Sykehus

Aker sjukehus ligg like nord for Sinsenkrysset i Oslo. Styremedlem Knut Even Lindsjørn i gigantforetaket Helse Sør-Øst kunngjorde nyleg på Østlandssendinga at det ikkje nytter å hindre nedleggjing: ”En omkamp om opptaksområdene er fånyttes”, sa Lindsjørn.

Det er ikkje første gongen at ein styremedlem i eit regionalt helseforetak, seier det er nyttelaust å forsvare eit lokalsjukehus mot nedleggjing. Denne gongen handlar det om korvidt Aker skal vere framtidas sjukehus for den veksande, fleirkulturelle befolkninga i Groruddalen.

Men det er trist at eit slikt utspel kjem frå ein politikar i eitt av dei stortingspartia som i 2001 røysta i mot å innføre den foretaksmodellen som er årsaka til at sjukehusa no blir styrt nærmast som kommersielle bedrifter. Berre Ap, Høgre og FrP røysta for den såkalla sjukehusreforma den gongen. Styremedlem Lindsjørn er samtidig gruppeleiar for SV i Oslo bystyre, og det er derfor ekstra grunn til å vurdere om han har rett.

Over alt elles i landet er det samsvar mellom kommunegrensane og sjukehusgrensane, eller det såkalla opptaksområdet for sjukehusa. Det er ei bra ordning. Øvre delen av Groruddalen er det første og einaste unntaket.

Foretaksstyret i daverande Helse Øst vedtok i 2004 at dei som bur i bydelane Stovner og Grorud skulle miste retten til å bruke Aker som lokalsjukehus. Dei skulle bli Ahus-pasientar. Ahus er det snart ferdigbygde sjukehuset nord for Oslo. Etter at Helse Øst hadde vorti innlemma i Helse Sør-Øst vedtok foretaksstyret i 2008 at også dei som bur i Alna bydel skal tvangsflyttast ut av Oslo. Viss også dette vedtaket blir gjennomført, må 111 000 Osloinnbyggjarar reise til nabofylket for å få sjukehusbehandling. Det betyr nedleggjing av Aker.

Stortinget har i åtte år kombinert foretaksmodellen med grov underbudsjettering. Regjeringa krev at helseforetaka skal redusere utgiftene som best dei kan.

For Groruddalen sin del er samanhengen enkel: Helse Sør-Øst byggjer nye Ahus så stort at sjukehuset treng fleire pasientar – eller kanskje det no heiter større kundegrunnlag? – for å få økonomien til å gå opp. Dette er årsaka til at Lindsjørn og resten av foretaksstyret vil flytte mellom anna ein femtedel av befolkninga i Oslo over til sjukehuset i nabofylket.

At underbudsjetteringa for Ahus er så stor at årsrekneskapen ikkje vil gå opp lell, er ikkje viktig. Det betyr ingenting at Aker er eitt av dei få sjukehusa som år etter år har klart seg innafor tildelt budsjett. Foretaksstyret bryr seg heller ikkje om at Aker har ei splitter ny infeksjonsavdeling der det same styret nettopp har investert over 120 millionar.

For å finansiere nye Ahus har skiftande helseministrar sia 2003 styrt mot avvikling av Aker. Så lenge det var stille og ingen organisert motstand, rykka dei fram, steg for steg. Helseministrane frå KrF, Høgre og Ap har hatt same mål.

Men 13. oktober 2009 vart situasjonen og styrkeforholdet endra. Den lokale avdeling av Fagforbundet på Aker klarte å få nedleggjingsplanen fram i dagslyset og ut i media. Det starta med ei førsteside i Dagsavisen og ein punktdemonstrasjon utafor sjukehusinngangen dagen etter. Mange andre aviser følgte opp. Etter brei grasrotmobilisering først og fremst i Groruddalen, etter at leiaren i LO Oslo og mange andre engasjerte seg og etter at Rødt fekk saka inn på bystyret sin dagsorden i november, må bystyret 27. januar seie JA eller NEI til nedleggjing av Aker sjukehus.

Det finst saker det ”er fånyttes” å slåst for, viss ein med det meiner at kampen ikkje kan vinnast. Erfaringa viser for eksempel at det ikkje nytter å hindre at bedrifter tar i bruk ny teknologi sjølv om dette betyr færre arbeidsplassar.

Men Aker sjukehus er ikkje ei sak av dette slaget. Det vi slåst mot er ikkje historiske framsteg eller ny teknologi. Dette handlar heilt enkelt om at regjeringa og Stortinget ikkje har tatt ansvaret for å finansiere drifta av eit stort, nytt sjukehus. Styret i Helse Sør-Øst og helseminister Strøm-Erichsen vil leggje ned Aker sjukehus for å finansiere nye Ahus.

Den nye infeksjonsavdelinga på Aker er ikkje mindre innretta på framtida enn tilsvarande avdeling på Ahus. Nye Ahus er litt større enn Aker, men det finst ikkje erfaring som seier at svært store sjukehus er betre for pasientane. Situasjonen er den same når det gjeld den viktige samhandlinga med primærhelsetenesta. Stabil sjukehusdrift over tid og gjensidig kjennskap til kvarandre er viktigast, både mellom sjukehuspersonell og pasientar og mellom helsepersonell i og utafor sjukehus.

Dei dårlege erfaringane med Ahus som bydelsoverlegane i Stovner og Grorud har oppsummert svært konkret, betyr ikkje at Ahus er eit dårleg sjukehus. Det er heller ikkje uvant reiseveg og dårlegare kollektivtrafikk til Ahus enn til Aker som er hovudproblemet.

Det handlar først og fremst om at Aker over mange tiår tilpassa seg til endringane i befolkninga og sjukdomssituasjonen i Groruddalen. Når Aker har bygd opp spisskompetanse på sjukdomsbiletet i den fleirkulturelle befolkninga, er det uklokt å bryte ned dette for at fagfolka på Ahus seinare skal begynne å byggje det opp igjen nedafrå.

To veker før bystyret skal uttale seg, lanserte styreleiar Marthinsen i Helse Sør-Øst lause idear om framtidig rusbehandling og meire psykiatri på Aker. Han veit jo godt at behandlingstilbodet på begge desse felta er for dårleg og at det har vorti dårlegare på grunn av styrevedtak i Helse Sør-Øst.

Vi skal vere klar over at dette i neste nedskjæringsrunde kan bli eit argument for å avvikle psykiatrien på Gaustad og ”frigjere” dette området for annan bruk. Men i dagens situasjon er den uforpliktande høgttenkjinga frå styreleiar Marthinsen først og fremst lokkemat for å få Oslo bystyre til å svikte groruddalsbefolkninga og godta nedleggjing av Aker.

Viss Ap og SV lar seg overbevise av dette, blir det neste år ein tung jobb å forklare groruddalsbefolkninga den store skilnaden på blått og raudgrønt styre i hovudstaden.

På trykk i Klassekampen 21. januar 2010.

Lagt ut 16:07, 21. January 2010 og kategorisert under bystyret, velferd.

Legg igjen kommentar

Vil ikke bli publisert.

XHTML: Du kan bruke følgende elementer: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>