Erling Folkvord

«Skarpt blikk og sunn fornuft» er ikkje nok

Det er alltid triveleg å få ros. Og ekstra ålreit er det å få ros frå ein forskar. Jon Rognlien, som i yngre år var redaksjonssekretær i Gateavisa, skriv i kronikk 13. mars 2010 at Rødt-politikarar «yter stor innsats i norsk lokaldemokrati ved å holde de mer eller mindre korrupte ledelsesgrupperingene i øra». Han føyer til at «ingen andre partier når dem til knes på dette framtidsrettede feltet.» Han omtalar meg som «det ypperste eksemplet på denne vaktbikkjefunksjonen» og nemner Oslo der Rødt «fikk rullet opp et langt, ubleket lerret av usunne forbindelser

Dessverre er det meste av dette lerretet framleis ikkje rulla opp. Rødts arbeid med å finne ut korfor FrP-byråden Sylvi Listhaug sølte bort 30 millionar eldreomsorgskroner på ei landbrukstomt utafor den trivelege spanske småbyen Altea, har så vidt begynt.

Rognlien har rett i at Rødt står i ei særstilling på dette arbeidsfeltet. Men han meiner denne særstillinga ikkje har nokon samanheng med sjølve grunnlaget for Rødts arbeid: Å avskaffe det kapitalistiske systemet. Rognlien meiner ein ikkje treng marxistisk analyse av kapitalismen og det rådande politiske systemet for å kunne slåst mot korrupte forhold i styre og stell.

For å bruke hans eigne ord om kampen mot korrupsjonen: «Den trenger ingen helhetlig forklaring på økonomiske forhold på 1800-tallet for å være aktuell. Det er mer enn nok med skarpt blikk, sunn fornuft og sivilt mot

Her meiner eg at norsk politisk praksis frå dei siste 20 åra viser at Rognlien tar feil. Eg meiner dei fleste partia har erfarne politikarar med både «skarpt blikk, sunn fornuft og sivilt mot.» Ja, eg trur kommunepolitikarar og stortingsrepresentantar i mange parti vil score høgt på slike personlege eigenskapar.

Når desse partia. Ifølgje Rognlien, ikkje når Rødt til knes i kampen mot korrupsjonen, er det fordi dette ikkje først og fremst handlar om personlege eigenskapar.

Eg vil peike på nokre punkt der Rødt skiljer seg frå dei andre partia:

  • Rødt tar utgangspunkt i at Norge er eit klassesamfunn og at partiet si oppgåve er å forsvare interessene til folk som blir utnytta eller tråkka på. Derfor brukar vi det meste av kreftene våre på kvardagslege saker, slik som å hindre at den raud-grøne regjeringa legg ned Aker sjukehus og andre lokalsjukehus. Kamp mot korrupsjonen er ein liten, men viktig del av arbeidet vårt.
  • Vi som er Rødt-politikarar er ikkje opptatt av å bli «godtatt i det gode selskapet» av politikarar og toppbyråkratar.
  • Når «makta» møter oss med latterleggjering og av og til meir handfaste mottiltak fordi vi tar opp det vi meiner er misbruk og misforhold, så har vi eit partikollektiv i ryggen der vi kan få støtte og hjelp. Eg veit av erfaring at det har betydd meire enn «sunn fornuft og sivilt mot.»

Eg synst som sagt det er hyggeleg å få ros for det politiske arbeidet eg og andre i Rødt driv på med. Men etter drygt 20 års deltaking i Oslo bystyre og fire år i finanskomiteen på Stortinget, er eg overbevist om at det ikkje er personlege eigenskapar som er hovudgrunnen til at Rødt framleis utfører nyttig arbeid og har eit godt omdømme. Gode enkeltmenneske finst i alle parti.

Rødt hadde ikkje fått utretta stort utan ha eit politisk grunnlag som er systemoverskridande. Vi arbeider for eit samfunn utan utbytting og klasseundertrykkjing. Da har vi nytte av det pioner-arbeidet som Karl Marx utførte da han på 1800-talet var den første som klarte å beskrive både den øydeleggjinga av naturen og den økonomiske utbyttinga av arbeidarklassen som er ein uløyseleg del av kapitalsimen.

Les Jon Rognliens kronikk Tross seg selv i Dagbladet

Lagt ut 14:18, 22. March 2010 og kategorisert under bystyret.

Legg igjen kommentar

Vil ikke bli publisert.

XHTML: Du kan bruke følgende elementer: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>