Erling Folkvord

Korfor skaper nokre gåver større debatt enn andre?

Statsråd Navarsete får berettiga kritikk for gåva ho mottok frå eit Røkke-firma. Navarsete sørga ikkje ein gong for å føre opp gåva i økonomiregisteret på Stortinget. Men korfor skaper nokre gåver debatt mens andre vert forbigått i stillhet?

Brynestad, Horntvedt og Foss.

Blant norske kapitalistar er Kjell Inge Røkke ein av dei dyktige alliansebyggjarane. Med varierte metodar har han bygd nettverk blant sentrale politikarar i meir enn 15 år. Samtidig må det akkurat no vere lov å minne om at andre har haldi større gåver utafor registeret i Stortinget utan at det har skapt mediestorm.

Sommaren 2000 inviterte Atle Brynestad – som den gongen var eigar av Smart Club, Glasmagasinet, fotballklubben Lyn og mykje anna – den nyvalde leiaren av Oslo Høgre og sambuaren hans med på ei vekes luksuscruise i Middelhavet. Gåva til dei to hadde ein marknadsverdi på rundt 100.000 kroner.

På den tia var Atle Brynestad ei stigande stjerne på den økonomiske himmelen. Han delte ut gratisbilletane til båtturen i Middelhavet kort tid etter at byråd Horntvedt (H) gjennom eit muntleg, upublisert vedtak hadde stansa kommunal sjukeheimsplanleggjing på Midtåsen i Nordstrand bydel. Nokre veker etter cruiset starta Høgre-byrådet eksklusive forhandlinger med eit Brynestadfirma. Resultatet vart at Brynestad – i strid med Lov om offentlige anskaffelser – fekk ein ekstremt lønsam 20 årig avtale med Oslo kommune om å leige ut eit bygg han planla å byggje på ei statseigd tomt som han planla å kjøpe.

Viss den daverande leiaren i Oslo Høgre hadde ført opp den rause gåva frå Brynestad i registeret, hadde vi kanskje fått ein offentleg debatt om den slags gåvepraksis til riktig tid, det vil si før Oslo bystyre vedtok leigekontrakten med Brynestad.

Lagt ut 22:43, 11. September 2010 og kategorisert under korrupsjon, velferd.

2 kommentarer to “Korfor skaper nokre gåver større debatt enn andre?”

  1. Twitter Trackbacks for Korfor skaper nokre gåver større debatt enn andre? [erlingfolkvord.no] on Topsy.com
    00:27, 11. September 2010

    [...] Korfor skaper nokre gåver større debatt enn andre? erlingfolkvord.no/2010/09/korfor-skaper-nokre-gaver-st%C3%B8rre-debatt-enn-andre/ – view page – cached Statsråd Navarsete får berettiga kritikk for gåva ho mottok frå eit Røkke-firma. Navarsete sørga ikkje ein gong for å føre opp gåva i økonomiregisteret på Stortinget. Men korfor skaper nokre gåver debatt mens andre vert forbigått i stillhet? Tweets about this link [...]

  2. Jensemann
    00:51, 11. September 2010

    …Fordi Brynestad er ond, mens den rødgrønne regjeringen ikke er det?

    Sosialistisk politikk handler til syvende og sist om at man har en drøm. Et drømmesamfunn som skal fungere sånn og slik. For å få det til må en kontrollere menneskene som bor i Norge. Innføre regler.

    Dette er vanskelig å gjennmomføre, idet den rødgrønne regjeringa åpenbart gir faen i forvaltningslovgivningen og reglene om habilitet.

    Dette er politikkens problem; Politikken gjør mennesker med meninger til slaver av systemer som ikke er moralsk riktige. Rødt er intet unntak.

Legg igjen kommentar

Vil ikke bli publisert.

XHTML: Du kan bruke følgende elementer: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>