Erling Folkvord

Den mest klassebevisste rikspolitikaren?

Statsminister Jens Stoltenberg styrte i 2001 Arbeidarpartiet rett inn i eit valnederlag. 2013-valet kan bli ei gjentaking.

Stoltenberg gjennomførte to store reformar før 2001-valet. Han børsnoterte Statoil og omdanna sjukehusa til AS-liknande føretak. Kunne ein Høgre-statsminister ha børsnotert Statoil utan massiv mobilisering frå fagrørsla? Hadde Ap sine tungvektarar i fagrørsla da gått i bresjen for børsnotering? Hadde LO-kongressen vori passiv om ei Høgre-regjering ville ha bedriftsøkonomisk styring av sjukehusa?

Stoltenberg har brukt åtte av dei 12 åra etter valnederlaget på trepartisamarbeid slik at oppslutninga om SV i dag er ein tredjedel av 2001. Tidlegare partileiar i SV, Kristin Halvorsen, sa nyleg til NRK at dette er ei krise for heile venstresida. Kunne ein Høgrestatsminister ha kvesta SV slik?

Meinte Stoltenberg det var viktig å vinne 2013-valet, så kunne han trekt lærdom av nederlaget i 2001. Nokre få tiltak kunne ha vist fram dei raudgrøne som eit tydeleg alternativ for arbeidsfolk og pensjonistar:
Sjukehus: Lære av Skottland. Kutte unødvendig byråkrati. Gjeninnføre folkevald styring.
Skatt: Starte ei skatteomlegging som gir mindre skatt for oss med gjennomsnitts arbeidarinntekt og lågare. Samtidig ei kraftig skatteskjerping for dei rike. Leiarlønningar: Gjennomføre – ikkje berre snakke om – kraftig kutt i leiarlønningane i statseigde selskap.
Velferd: Auke kommunane sine inntekter frå og med 2013 slik at ingen kommune måtte gjennomføre usosiale kutt. Dette tiltaket ville kanskje ha kosta 2-3 % av forventa statsoverskott i år.
Bygge samfunnet: Starte planmessig bruk av Oljefondet for å bygge opp samfunnet (raske tog, trygge vegar, osv.)

Desse fem tiltaka hadde ikkje gjort slutt på kapitalismen. Dei hadde berre gitt ei lita, men merkbar endring i fordelinga av den årlege verdiskapinga. Endring til fordel for arbeidarklassen. Om dei raud-grøne berre hadde gjort 2013 til det første året utan usosiale nedskjæringar i kommunane, hadde ikkje Høgre hatt stor sjanse til å vinne.

Kan Stoltenberg vere så klassebevisst at han utan å nøle styrer Ap mot eit sannsynleg valnederlag? Kan det vere fordi han først og fremst – og innerst inne – er kapitalistklassen sin mann?

Erling Folkvord, stortingskandidat for Rødt i Hedmark

(Til Klassekampen 18.08.2013)

Lagt ut 21:09, 26. August 2013 og kategorisert under Rødt i Hedmark.

Legg igjen kommentar

Vil ikke bli publisert.

XHTML: Du kan bruke følgende elementer: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>