Erling Folkvord

Står jordbruket likevel ikkje utafor EØS-avtala?

Kor mange gardsbruk vil overleve 20 nye år med EØS?

Alt for få tar utviklingsklausulen i EØS-avtala på alvor. Dei fleste partia argumenterer framleis som om norsk jordbruk har eit varig unnatak frå fri flyt-reglane i EU.

EU har med stort hell brukt Artikkel 19 (utviklingsklausulen) i EØS-avtala som brekkstong. Artikkel 19 gjeld handel med landbruksvarer. Norsk landbruk får dårlegare konkurransevilkår når EU får betre vilkår for å eksportere billige landbruksvarer til oss.

Artikkelen seier at Norge og EU «skal fortsette sine bestrebelser med sikte på en gradvis liberalisering av handelen med landbruksvarer.» Norge og EU skal med to års mellomrom «gjennomgå vilkårene for handelen med landbruksvarer.» Dette er eit pålegg om å snakke med kvarandre. Fordi Artikkel 19 ikkje gir juridisk bindande pålegg, blir det eit spørsmål om politisk vilje og evne hos den norske regjeringa.

Artikkelen seier ikkje eit ord om at Norge må godta EU-krava. Det står tvert i mot at eventuelle endringar skal ligge «innenfor rammen av den enkeltes landbrukspolitikk». Og ikkje berre det: Endringar skal gjerast «på gjensidig fordelaktig basis.»

Dessverre har ikkje norske regjeringar stått opp for norsk jordbruk. Einaste lyspunkta er ei endring av melketollen for nokre år sia og endringa av ostetollen i fjor. Samtidig har den tollfrie ostekvota auka kraftig. Om vi ser på kva regjeringane har gjort sia Stortinget i 1993 vedtok EØS-avtala, så ser vi at industrilandbruket i EU har fått stadig lettare tilgang til den norske marknaden.

EØS-avtalen er dynamisk. Dvs at avtalen får nytt innhald kvar gong EU endrar si eiga lovgiving. Vegen blir til mens du går – men EU-kommisjonen bestemmer både kursen og farten.

Får det fortsetje slik, kan det om 20 år vere lite igjen av matproduksjon bygd på norske naturressursar. Oppseiing av EØS-avtale må til for å stanse den negative utviklinga.

Ingen av stortingspartia slåst for dette kravet. Rødt, som vil inn på Stortinget frå 9. september, innser derfor at folkerøysting om EØS er einaste farbare veg. Berre ei folkerøysting kan tvinge det massive EØS-fleirtalet i Stortinget til å bøye av.
Erling Folkvord, stortingskandidat for Rødt i Hedmark

(trykt i Nationen 24. august)

Lagt ut 21:11, 26. August 2013 og kategorisert under Rødt i Hedmark.

Legg igjen kommentar

Vil ikke bli publisert.

XHTML: Du kan bruke følgende elementer: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>