Erling Folkvord

Arkiv for miljø-kategorien

Videointervju om elbil

No Comments »

mai 27th, 2009 Posted 08:44

Norstart Elbilforeningen har laga denne utmerka filmsnutten som inneholder eit intervju med meg om nødvendigheita av ei garantiordning for elbilproduksjon.

Sjå meir på Norstarts heimeside

Posted in miljø, video

Opprett Garantiinstituttet for elektriske køyretøy nå!

No Comments »

mai 26th, 2009 Posted 08:45

Min appell om El-bilfinansiering på Youngstorget tirsdag 26. mai.

I dag er det 800 millioner biler i bruk rundt på kloden. På gårsdagens Soria Moria –konfereanse om «KRISENS MULIGHET» sa den canadiske forskeren Peter Dauvergne at to milliardar bilar kan vere i trafikken i 2050. Rødt meiner det trengs ei omfattande omleggjing til det som er miljøpolitisk, og enda viktigare, klimapolitisk riktig.

Under overskrifta «Bensinbilene er tilbake» melder Aftenposten i dag at nye bilar med bensinmotor i gjennomsnitt slepper ut 4 gram mindre CO2 enn dieselbilar. 151 gram frå bensinbilen mot 155 gram frå dieselbilen. Den nyheta fortel i alle fall at framtidas bil verken bør ha bensin- eller dieselmotor.

Eg takker for invitasjonen til å vere med på denne markeringa av at det finst eit alternativ med heilt utslippsfirie bilar.

Sjølv er eg bystyremedlem for Rødt i Oslo, og Rødts stortingskandidat 14. september.

Rødt krev ikkje at staten skal redde alle bedrifter som i dag er i trøbbel . Norsk industri treng eit nasjonalt krafttak for å leggje om produksjon og næringsvirksomhet. Vi treng ei omfattande omleggjing til det som er miljøpolitisk, og enda viktigare, klimapolitisk riktig.

Det lovpriste «markedet» kan ikkje sørge for ei slik omleggjing av det som enda er igjen av industriproduksjon i Norge. Når dei som er valde politikarar overlet styringa til det lovpriste kapitalistiske «markedet» , får vi økonomiske kriser av det slaget som i dag skaper massearbeidsløyse over heile kloden.

Krisa i kapitalismen fører til at bedrifter bukkar undar, heilt uavhengig av om produksjonen er fornuftig eller ufornuftig ut fra miljø- og klimaomsyn.

El-bil har framtida for seg. Akkurat NO har Norge mulighet til å byggje opp ny, framtidsretta produksjon. Men det hastar. Det trengst statleg politisk styring for at dei små fagmiljøa og dei tre små elbilprodusentane i Norge skal overleve og leggje grunnlaget for omfattande elbil-produksjon i Norge i framtida.

Det handlar om å berge ein ny industribransje som kan gi mange arbeidsplassar , både for produksjonsarbeidarar og for ingeniørar og andre som skal arbeide med å gjere teknologien betre.

Rødt meiner ikkje at masseproduksjon av el-bilar vil løyse miljøproblema som er knytta til persontransporten i byane. I ein by som Oslo trengst det først og fremst massiv kollektrafikkutbyggjing og storsatsing på trygge sykkelvegar. Men om vi får til det, vil det likevel vere igjen ein stor del av persontransporten som krev personbil. Og viss denne delen av persontransporten blir ordna per el-bil, vil det vere eit viktig bidrag til å gjere Oslo og andre byar trivelegare å leve i.

Eit Oslo utan eksos frå personbilar er eit trivelegare Oslo for alle. Når alle byane er utan utslipp frå personbilar, har vi eit sunnare miljø i heile landet.

Og dette målet går det an å nå – viss regjeringa og stortingsfleirtalet tar nokre enkle grep.

Statsminister og finansminister har det siste halvåret vist at dei har både milliardar og kreativ handlekraft når det handlar om å berge DNB og andre finansinstitusjonar som var nær kanten av stupet i fjor haust.

Men det har vori smått med handlekraft når det gjeld å berge industriproduksjon som har framtida for seg.

Med forslaget om å opprette GIEL – Garantiinstituttet for elektriske køyrety – får næringsminister Sylvia Brustad eit framtidsretta klimapolitisk og næringspolitisk tiltak ferdig servert. Ordninga er latterleg enkel, og billig samanlikna med redningsaksjonane storbankane: Staten skal låne ut eller stille garanti for den arbeidskapitalen som produsenten treng i perioden frå elbilen blir bestilt og til han blir levert til kunden.

Dette bør regjeringa få på plass raskt. Dei har fleirtal i Stortinget og bør sørge for at denne ordninga er på plass før Stortinget tar sommarferie.

Dessutan bør staten gå tungt inn økonomisk for å støtte teknologiutviklinga for å få betre elbilar i framtida. Forholda ligg godt til rette for at norsk fagmiljø skal vere i front både når det gjeld utvikling av neste generasjon av batteriteknologi og utvikling av av den samfunnsmessige infrastrukturen som trengst for å gjere det enkelt og praktisk å bruke elbil.

Det er ei politisk fallitterklæring viss regjeringa lar det såkalt frie «markedet» styre el-bil-bransen og går inn i sommarferien og valkampen utan at Stortinget har vedtatt oppretting og finansiering av Garantiinstituttet for elektriske køyrety.

Posted in appell, miljø